Log In
Register

Synkverving Lyrics

Hjelvik - Synkverving
Band
Album

Synkverving

(2021)
TypeSingle
LabelsNuclear Blast
Album rating : 
Votes :  0
1. Synkverving (4:16)
Sjå slottet i det fjerna
Det glitrar som ei stjerna
Med ny giv i sin lest går han mange rastar meir enn gjerna

Gjennom mose, sump og myr
og tåken jotnar spyr
Ei ukjend stemme lovar gull og perlar når ein ny dag gryr

Heldt oppe av eit vakkert syn
Mellom skyrand og fjellbryn
Åleine i skogens skumring med sin arme skrott som gjev han tyn

Synkverving!

Ein hall tekt med gylte skjold
Høyr lystig lyd av gladvold
Ved gjæve gudar old kjem han seg endeleg på nært hold

Kunne ikkje på eigne auge stola
Borga svann som dugg for sola
Brått kjende han nevar små som trekte han ned i ei svart hola

Hundre pissgule auger
Han ligg på ein seng av drauger
Hånlege tryner kjem til syne og brer han ei dyna

Vetter tar seg til rette
Blodsaft og slevje skvettar
Når kvasse klør nennsomt hudremsane flettar

Haugfolk har gjort han gal
Sendt hans sinn til mørkets dal
Hans heim vart ei himmelsal, men heller ei tidleg grav

Nå, ein blant mange sjelar
Som hans triste skjebne delar
Kokt i all æva i ei kolsvart trolldomskjela
Share on Facebook
Share on Twitter
Added by level 21 Eagles
Hjelvik - Synkverving
Synkverving - Lyrics
▶   1.  Synkverving Lyrics
Info / Statistics
Artists : 46,197
Reviews : 10,033
Albums : 165,647
Lyrics : 217,059