Log In
Register

Himmelfall Full Album Lyrics

Glittertind - Himmelfall cover art
Band
Album

Himmelfall

(2017)
TypeAlbum (Studio full-length)
GenresNordic Folk Rock
Album rating :  –
Votes :  0
Lyrics > G > Glittertind Lyrics (33) > Himmelfall Lyrics (8)
Submitted by level 21 Eagles (2017-11-09)
1. Olav Engelbrektsson (4:56)
Vind på hav slå silkesegl
syng den song som saga fortel -
Erkebiskop Olav bar
sorg og skuld som heilag far

Konung Kristian drøymer
Danmark-Noreg gløymer:

Olav Engelbrektsson

Frykta for sitt fedreland
Martin Luther truga han
Som ein løve i frå nord
slost han for si moderjord

Olav Engelbrektsson

/:Kyrie eleison:/

Olav Engelbrektsson
2. Etter stormen (4:29)
Etter stormen såg eg ingenting
ingenting av alt eg såg
Etter stormen dreiv eg rundt i ring
og undra på kor landet låg

Etter stormen blanke auge bar
himmelen så rar og bleik
Etter stormen fann eg ingen svar
viljevarden visna veik

Eg kom drivande som båt i brann
på dei blåe bylgjer knust i strand

Eg drøymde ein draum
eg trudde var sann
Eg livde eit liv
som forsvann

Etter stormen reiv ut ryggen min
såg eg ingen slott som skein
Etter stormen ingen glitretind
såg eg ingen himmelheim

Eg var ’kje klar for denne kalde jord
Eg var ’kje klar, eg hadde ingen ord

Eg drøymde ein draum
eg trudde var sann
Eg livde eit liv
som forsvann

Eg ville flyge langt derifrå
ut til allheimen den blå
Eg virra rundt i ein ynskjebrunn
og lengta etter mysterium

Sjå verda spinn bak det kvite-grå
med alle skapningar på skrå
Me virrar rundt i ein ynskjebrunn
og lengtar etter mysterium

Eg var ’kje klar for denne kalde jord
Eg var ’kje klar, eg hadde ingen ord

Eg drøymde ein draum
eg trudde var sann
Eg livde eit liv
som forsvann
3. Likvake (4:22)
Så sit eg her og klemmer din hand
den som no er kald
og minna slår og strøymer i meg
frå livet du gav til du fall

I kveld skal djevelen vandre sin veg
demonar skal miste si tru
for eg skal vake over min skatt
og kysse eit siste god natt

Den dagen då du heldt kring min kropp
og jubla over mitt skrik
Du kviskra meg i øyret og sa
at me var perfekte slik

Eg møtte verda så hjelpelaust
men du kunne syne ei bru
for du såg slik ein fager skatt
og kyste meg kjærleg god natt

Eit blafrande ljos jagar skugge svart
og skremmer burt ormar og angst
Din hud er så bleik under månen blank
men sjela di skal snart
få stråle langs himmelen bjart

I kveld skal djevelen vandre sin veg
demonar skal miste si tru
for eg skal passe på deg min skatt
og kysse eit siste god natt
4. Finst ikkje meir (3:52)
I aust så lister sola seg opp på tå
med gull for dine auge så du kan sjå
langt vest i hav eit land stig langsamt fram

Min venn, eg veit ein veg til ein heilag stad
der draumar rir på redsla - Amerika
eg lovar deg at allting skal bli bra

For dei finst ikkje meir!
Å, dei finst ikkje meir, nei!
Nei, dei finst ikkje
finst ikkje, finst ikkje
finst ikkje meir!

Dei får aldri eige oss kvitt og fritt
alt framfor dine føter er ditt og mitt

Dei gamle dagar er forbi!

Og no står flammane høgt opp i sky
av eld og blod så kan ein morgon gry
Dei ville 'kje forstå
og ingen trudde på
at me to kunne fly

Og langt bak oss står eit hylekor
som hatar denne menneskejord
Dei lyste oss i bann
og skam, og skam, og skam
for kjærleiken er stor

Men dei finst ikkje meir
å, dei finst ikkje meir, nei
nei, dei finst ikkje
finst ikkje, finst ikkje
finst ikkje meir
For dei finst ikkje meir!
å, dei finst ikkje meir, nei!
Nei, dei finst ikkje
finst ikkje, finst ikkje
finst ikkje meir!

Og no står flammane høgt opp i sky
av eld og blod så kan ein morgon gry
Dei ville 'kje forstå
og ingen trudde på
at me to kunne fly

Og langt bak oss står eit hylekor
som hatar denne menneskejord
Dei lyste oss i bann
og skam, og skam, og skam
for kjærleiken er stor!

Kjærleiken er stor!
For kjærleiken er stor!
For kjærleiken er stor!
5. Himmelfall (2:02)
6. I djupet lokkar ein eld (4:09)
Eg er heilt åleine
med tårar på kinn
rundt meg er murar
og ingen kjem inn
Dei ropar om kjærleik
dei ropar om fred
men det er ikkje meg
det er ikkje meg

Så sint og fortvila
og lei av meg sjølv
senker eg sorga
i brennvin og øl
Der nede i djupet
der kan eg sjå
ein varde som lyste
opp himmelen blå

Eg kan ikkje sjå meg attende!
Kirsebærblomane fell
Eg kan ikkje sjå meg attende!
Dag har blitt natt, morgon til kveld
og i djupet lokkar ein eld

Den dagen då sola
ikkje kraup opp:
Kan hende eit hjarte
kan knuse ein kropp?
Kan hende min elskling
finst bak eit slør?
Og nede i djupet
ho opnar ei dør
og nede i djupet
er allting som før

Eg kan ikkje sjå meg attende!
Kirsebærblomane fell
Eg kan ikkje sjå meg attende!
Dag har blitt natt, morgon til kveld
og i djupet lokkar ein eld

Eg kan ikkje sjå meg attende
dag har blitt natt, morgon til kveld
og i djupet lokkar ein eld
7. Forføraren (3:52)
Eg veit ein mann med auge rå
og med håret litt på skrå
Han er rik og finn svar
på ein angst som folket har

Og frå eit tårn av betong
sminkar han ein fin fasong
Å vere sterk og aldri svak
er for han ei kjernesak

Han har trompet
utan musikk
Han har ord
utan lyrikk
Han har hat, han har dom
som ein sumar aldri kom

Ei gamal bok spør vår jord:
Kan ein fiende bli ein bror?
Men med blod blei det sagt:
I kjærleik ligg det makt!

Ein draum om fred i krigar-ham
var eit farvel til eiga skam
Då blei dei stolte av sitt svik
når dei vandra yvi lik!

Når stormar tar
all tru me har
ein førar stig fram då!
Og er du blind for auge rå
forførar han deg òg!
Og er du blind for auge rå
forførar han deg òg!

Med ein trompet
utan musikk
Og med ord
utan lyrikk
Og med hat, og med dom
som ein sumar aldri kom
8. Tvilar på alt (3:54)
Eg tvilar alt eg høyrer
dei trur mest eg er gal
Kan hende var ein vantru
aldri heilt normal

Ein gong så var eg kjettar
dei slengde meg på bål
Ein storm som aldri lettar
ei undring utan mål

Eg tvilar og eg tvilar

Eg tvilar på alt
det som eg er fortalt
Eg tvilar på alt
for då trur eg aldri galt
Så eg tvilar
eg tvilar på alt!

I djupe gruvegangar
eg hamrar stein for stein
Bak undring ligg forundring
og eg finn aldri heim

Ein løgn kan vere sanning
og sanning tomme ord
Det kviler ei forbanning
mot denne arme jord

Og leiarar held talar
som vismenn veit er tull!
Og makta sit i salar
der ord er kjøpt av gull!

Eg tvilar på alt
det som eg er fortalt
Eg tvilar på alt
for då trur eg aldri galt
Så eg tvilar, eg tvilar
eg tvilar
på alt!

Så eg tvilar
eg tvilar
på alt
9. Ein feste Burg ist unser Gott (3:23)
Vår Gud han er så fast ei borg,
han er vårt skjold og verje.
Han hjelper oss i naud og sorg,
når Styggen her vil herje.
Den Gamle-Erik er
på felttog med sin hær.
Stor makt og list har han,
ein grufull pansermann!
På jorda finst ei maken!

Vår eiga makt er altfor svak,
mot Styggen vil me tape.
Men Gud har reist vår vonde sak
så Fanden fekk ei skrape!
Kven eig den beste list?
Han heiter Jesus Krist!
Ein høvding er vår mann,
i kampen vinn han fram:
Vår Frelsar fremst må sigre!

Om verda full av djevlar var,
ein ormegard i sinne.
Me ingen angst i hjarte bar
for Kristi sverd skal klinge!
Om fyrsten for slik jord,
på folkehat vert stor:
- Me ler så godt me kan,
han er ein dauddømd mann!
Eit ord vil honom felle!

Og Ordet står til domedag
til agg for djevelpakket!
Vår Frelsar kjem i siste slag
og Nåda kan me takke!
Om Fanden tek vårt liv,
gods, ære, born og viv:
Då har vår Herre talt,
med Ordet gav Han alt!
Guds rike vårt skal vere!
Guds rike vårt skal vere!
10. Utferd (3:59)
Info / Statistics
Artists : 34,238
Reviews : 7,825
Albums : 121,885
Lyrics : 149,338